AKKS Bergen er ein idealistisk musikkorganisasjon som arbeider for likestilling og mangfald i musikkbransjen. Målet vårt er å rekruttera, motivera og synleggjera kvinner i alle ledd av musikkbransjen. AKKS Bergen har eksistert sidan 1995 og har sidan den gong drive med kursing i rytmisk musikk og gjeve band ein plass å øva på USF Verftet. AKKS Bergen sine kurs og øvingslokale er opne for alle, uansett kjønn og musikalske ferdigheiter. I tillegg arrangerar me konsertar på Garage, og er arrangør av den tradisjonsrike rockefestivalen for ungdom; Eggstockfestivalen. I samarbeid med Bergen Jazzforum tok AKKS Bergen initiativ til å starta JazzAKKS, eit prosjekt for å dyrka fram fleire kvinnelege instrumentalistar innan jazzen. AKKS Bergen er den største av fem avdelingar i Noreg med to heiltidstilsette, og i 2007 mottok me Bergen kommunes likestillingspris for arbeidet vårt.
Som styremedlem i AKKS får du vera med på å utvikla ein organisasjon som er sentral i musikkmiljøet i Bergen. AKKS Bergen er ein av dei viktigaste rekrutteringsinstansane innanfor rytmisk musikk, med kursverksemd og drift av øvingslokale. AKKS Bergen arbeider for tida tett med Brak om å etablera nye øvingslokale i Teknikerkroen på Nordnes. Dette kan verta eit veldig viktig tilskot til det etablerte musikkmiljøet i Bergen, og me treng engasjerte folk som vil vera med å utvikla prosjektet. Me arbeider også med å utvikla kurstilbodet vårt, ynskjer å setja opp nye og spanande kurs som det er behov for i musikkmiljøet. Framover ynskjer me også å arrangera fleire konsertar, og ynskjer å få med oss folk som er interessert i å arbeida med booking.
Gjennom eit styreverv i AKKS vil du læra mykje om organisasjonsarbeid: strategi; økonomi; personalpolitikk; juss og meir. Styremedlemmer får høve til å vera med på bransjetreff som By:larm og kompetansehevande samlingar som styrekurs. I tillegg får styremedlemmer gode rabattar på kurs og øvingslokale, og rabattar hjå samarbeidspartane våre. Styret har det formelle ansvaret for drifta til AKKS Bergen, juridisk og økonomisk. Den daglege drifta er det to tilsette som tek seg av, dagleg leiar, og kurs- og øvingslokaleansvarleg, og styret har personalansvar for desse.
Ta kontakt med Vilde Blomhoff Pedersen i valkomiteen om du er interessert!